Vaksdal Kommune

”Eg har hatt æra og gleda av å verta kjent med Oddvar både i jobbsamanheng og i meir private samlingar. Når eg tenkjer på han dukkar det opp ord som fyrverkeri, engasjert, fagleg dyktig, mykje erfaring, folkeleg og humørspreiar fremst i minnet.

I profesjonell samanheng har eg hyrt han inn som førelesar for rektorar og samtlege foreldre i kommunen vår til å førelesa om vaksenrollen. Etter eit av hans føredrag lanserte me slagordet ”Våg å vera vaksen i Vaksdal”.

På felles planleggingsdag for alle tilsette i skular og barnehagar i kommunen var temaet motivasjon med Oddvar Bjørnestad i hovudrollen.

Målet for dagen var tredelt:

  • Læra om motivasjon
  • Verta inspirert og motivert
  • Gje ein god start på vårhalvåret

 

Tilbakemeldingane frå deltakarane fortalde at me nådde alle tre måla for dagen med glans.

I meir privat regi har eg også delteke på samlingar i regi av Oddvar. Det har sprudla heile tida, med høg kvalitet på førelesarar og eg har der fått høve til å møta mange interessante menneske. Det har sanneleg gjeve ”Livskrefter”.

Mons Stamnes, rektor ved Stanghelle Skule

Vaksdal kommune     

Del denne siden med andre!

Share on Facebook