Bremnes Ungdomsskule |
|
"Bremnes Ungdomsskule har delteke i prosjektet Sterk & Klar sidan århundreskiftet!
Mange foreldre har opp gjennom desse åra vorte utfordra og engasjerte i det å vera tydelege, ansvarlege vaksne for ungdommane sine. Det er eigentleg dette prosjektet handlar om! I tillegg veit me nå at dei ungdommane som har foreldre som har delteke i prosjektet, får ein utsett alkoholdebut samanlikna med andre ungdommar (undersøking gjort av Bergensklinikkene). Foredraga til Oddvar Bjørnestad har fått fram både latter og ettertanke for alle som oss som har følgt han opp gjennom desse åra. Det gjer heller ikkje noko at han krydrar foredraga med sanne historier frå livet som spesialpedagog. Mange foreldre har gått heim etter foredraga med smil om munnen og meir mot til å vera tydelege foreldre. |
|
"Oddvar Bjørnestad hadde første samling for foreldra på 8 trinn på Bremnes ungdomsskule måndag 29.okt. Han møtte alle foreldra i døra og ynskte dei velkommen og sette dermed allereie ein del av den stemninga han klarte å skapa, der han snakkar veldig direkte til kvar av dei frammøtte. Bjørnestad er svært engasjert i si formidling og han krydrar bodskapen sin med historier og humor. Slik eg opplevde foredraget var det lett å oppfatta kva som var viktig, og tydeleg kva rolle ein kan og skal ha som foreldre. Både eg, og andre foreldre eg snakka med etterpå, fekk konkret hjelp til korleis me kan møta ungdommane våre på ein god måte. Ungdomsstida er utfordrande på mange måtar, og då er det, som Bjørnestad sa, viktig at me som er vaksne er det, heile tida. Me ser fram til neste samling i februar, og vil prøva å få enno fleire til å koma og oppleva ein svært dyktig og motiverande føredragshaldar. Helsing Torunn Laurhammer, avd.leiar og mor på 8.trinn på BUS |