Referanse Nissedal

"Oddvar Bjørnestad kom til oss i Nissedal kommune 12. september 2013 med foredraget "Barneoppdragelse – ingen sport for pyser". Foreldre med barn i alle skulane og barnehagane i kommunen var inviterte. Alle tilsette i skule og barnehage var og til stades.

Bjørnestad leda oss gjennom to timar med fantastisk opplæring for både foreldre og pedagogar. Her var det fokus på dei umoglege vaksne, ikkje dei umoglege ungane – men på ein så fin måte at alle kunne kjenne seg att!  

Tilbakemeldingane har vore utelukkande positive frå både foreldre og tilsette. Læraren hos oss med lengst fartstid (over 30 år) utbrøyt etter foredraget "Dette er det beste eg har vore med på!"

Me vil råde alle som arbeidar og bur med barn og unge om å få med seg dette foredraget!"

Reidun C. Retterholt,
rektor ved Tveit Skule/Nissedal Ungdomsskole


"Det var en meget givende kveld dere "serverte" oss her i Treungen i september.

Det har vært flere gode samtaler i ettertid."

Med vennlig hilsen
Kjersti Haugsmyr Fredriksen, lærer ved Nissedal Ungdomsskole



Share on Facebook